Bygger nytt for Tussa
Herøy-selskap kapra ny jobb.
Prosjektbygg har inngått kontrakt med Tussa Installasjon for levering av nytt forretningsbygg på Mjølstadneset i Herøy.
Bygget blir på rundt 900 kvadratmeter og vil gi rom for vidare vekst for Tussa Installasjon og satsinga i Herøy, opplyser selskapet i ei pressemelding.
Bygget vil innehalde kontorplassar, garderobar og lager, og det er lagt stor vekt på miljøvenlege løysingar. Mellom anna vil eit solcellepanel forsyne lokala og elektriske varebilar med fornybar energi. Bygget skal etter planen stå ferdig i oktober 2022.
Fosnavåg Rør, Egset Ventilasjon, Tussa Installasjon, Aurvoll og Furesund, Conplan og Georg Grimstad i Bucci Arkitekter har også oppdrag med bygget.
Publisert: 16.11.2021 08:19
Sist oppdatert: 16.11.2021 08:25