Per rita sævik infomøte foto marius 11
FOSNAVÅG: Per Sævik frå Havila og Rita Sævik frå Ervik & Sævik vil flytte anløpa av Hurtigruten-skipa til Mjølstadneset, og Ervik & Sævik-reiarlaget har investert kring 20 millionar i det nye næringsbygget for å legge til rette for reisande. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Slik vil dei sikre Hurtigruten-anløp

Ei kunstsatsing i Lofoten med fleire tusen besøkande årleg, er eit forbilde for planane på Mjølstadneset.

Marius Rosbach
01.09.2021

Tysdag samla kommunestyret i Herøy og representantar frå fleire bedrifter seg for å snakke om kaiutbygging på Mjølstadneset.

Politikarane sette førre veke ein fot i bakken for bygginga av tre kaier. Årsaka var i første rekke at rekninga viser seg å kom på drygt 75 millionar kroner i staden for knappe 60 millionar.

Vedtaket fekk fem bedrifter til å reagere – og kalle inn til eit informasjonsmøte ved Thon-hotellet i Fosnavåg om konsekvensane.

Uroa for reiselivssatsing
Bodskapen tysdag var ikkje til å ta feil av; spørsmålet om kaibygging handla om meir enn nokre meter med betong og stål. NETT NO omtala før helga korleis Rita og Per Sævik meiner politikarane har sett anløpa av hurtigruteskipa i spel.

– Om vi skulle misse stoppet, er det med å putte vesentlege kjeppar i hjula på alt som har med reiseliv å gjere, sa Havila-eigar Per Sævik, og bad politikarane vurdere konsekvensane av vedtaket.

Han meiner eit moderne anlegg til å ta i mot reisande på Mjølstadneset, er rette vegen å gå.

(saka held fram under)

Kaviar Factory kaviarfabrikken foto John Stenersen 11
KAVIARFABRIKKEN: Kunstarenaen som går under det internasjonale namnet Kaviarfactory har utvikla seg til å bli ein ettertrakta stad for kunstutstillingar. Ervik & Sævik trur Herøy kan by på noko tilsvarande. Foto: John Stenersen

Kunstsatsing i Lofoten er forbilde
Under møtet fortalde Rita Sævik meir om korleis dei såg føre seg bruken av det nye næringsbygget med ei etter kvart rikhaldig kunstsamling.

Forbilde er Kaviarfabrikken i Lofoten som dei siste åra har teke i mot tusenvis av reisande frå hurtigruteskipa. Ho fortalde om korleis ein seks sider lang reportasje om reiarlaget sine kunstkjøp i Kapital, mellom anna opna dørene til Norges største kunstsamlar.

Reiarsjefen fortalde at ho også hadde hatt møter med Hurtigruten om moglegheitene for at skipa kan ligge lengre i Herøy.

«Om dokke blir like god som Kaviarfabrikken, så er det ikkje noko problem å utvide liggetida», skal tilbakemeldinga frå reiarlaget ha vore.

Les Hurtigruten sin kommentar under:

Alle ser utfordringane med stoppet som Hurtigruten har hatt i Herøy i alle år.
Per Sævik

Åtvara om konkurranse frå naboar
Per Sævik åtvara på møtet om at krefter frå Ørsta, Ulstein og Hareid påverkar for å få hurtigruteskipa til å anløpe deira kommunar i staden for Herøy.

– Alle ser utfordringane med stoppet som Hurtigruten har hatt i Herøy i alle år. Spørsmålet er kva ein kan gjere for å rotfeste plasseringa dei neste åra, sa han.

Reiaren la til at han som eigar av Havila Kystruten, også måtte ta omsyn til kva som var best for selskapet, om diskusjonen om endra anløp på søre Sunnmøre skulle «blusse opp att».

Reiarlag opplevde tillitsbrot
Rita Sævik i Ervik & Sævik la ikkje skjul på at reiarlaget opplevde eit brot på tilliten til lokalpolitikarane ved at kaiutbygginga - og reiselivsatsinga deira er sett på vent.

– Når vi ikkje anar kva du driv på med der nede, så er det vanskeleg å ta omsyn til det, kommenterte Karl-Oskar Sævik (Frp) – som stod bak forslaget i kommunestyret om å sette kaiutbygginga på vent.

– Det handlar om å stå for det som blei vedteke, repliserte Rita Sævik og påpeika at reiarlaget ikkje kan fortelje om alle strategiske val og prosessar dei jobbar med.

Ho kunne også vise fram støtteuttaler frå reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Havlandet.

Vil ha diskusjon om cruisehamn
Bedriftene som hadde kalla inn til møtet, fekk ikkje tysdag eksakt svar på kor vegen går vidare. Karl-Oskar Sævik (Frp) påpeika at det var fleire omsyn å ta, og at det kan vere utfordringar ved å drive ulike typar verksemd på Mjølstadneset

– Vi treng å ha ein diskusjon om det skal vere ei cruisehamn, eller om vi ønsker det næringslivet som er der i dag, sa han.

(saka held fram under)

Karl Oskar Sævik foto marius
VIL HA DISKUSJON OM «CRUISEHAMN»: Karl-Oskar Sævik (Frp) meiner det er fleire omsyn å ta i kaiutbygginga på Mjølstadneset og vil ha ein diskusjon i kommunestyret. Foto: Marius Rosbach

Ope for å bygge alle kaiene
Frp sikra saman med Høgre fleirtal for å stanse anbodsprosessen. Etter møtet fortalde Karl-Oskar Sævik til NETT NO at han meiner det er naturleg å bygge alle kaiene, om kommunestyret gir grønt lys for bruk av anlegget til ei slik turistsatsing.

Lokallagsleiar Ann-Kathrin Storøy ville ikkje seie til NETT NO om Høgre vurderte å likevel gå inn for full kaiutbygging, før ho hadde snakka med gruppa si.

Større aktør vurderer å trekke seg
Kommunedirektør Trond Aglen kunne forsikre at ei sak om bruken av kaianlegget til turisme var på veg til politikarane sitt bord.

Han kunne legge til at ein større maritim aktør som har tinga areal på Mjølstadneset, hadde sendt ein e-post same dag, om at dei ville trekke reservasjonen om vedtaket blei ståande.

Kommunedirektøren påpeika også at kommunen kunne gå i forhandlingar med anbydarane som har rekna på kaiutbygginga. Kor lang tid ein slik prosess, med tilhøyrande politisk behandling ville ta, turte han ikkje seie noko sikkert om.

(saka held fram under)

Mjølstadneset kai egersund herøy 11
SKAL BYGGJAST: Politikarane i Herøy meiner det berre er pengar til å bygge ut denne delen av kaia mot Egersund Herøy. Foto: Marius Rosbach

– Kritisk mangel på kai
Tid er avgjerande for Egersund Herøy, som ventar på at bygginga av den første kaia – som er vedteke – skal kome i gong.

– Per i dag har vi kritisk mangel på kai for den utbygginga vi held på med, sa Ove Henning Hansen som leiar salsarbeidet i bedrifta.

Fosnot-sjef Martin Nørvåg fortalde at dei står klare til å satse på Mjølstadneset, men er avhengige av kai for å utvide verksemda. Per i dag må Fosnavåg-bedrifta seie nei til oppdrag grunna kapasitet.

Astorplast-eigar og sjef Atle Storvik fortalde at dei kunne vente litt til før dei fekk kaia framføre seg bygd.

– Vi lever greitt om vi ikkje får kai no, men for framtida er kai viktig for oss med dei planane vi har, sa han og la til at neste generasjon stod klare med større planar.

Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO

Publisert: 01.09.2021 05:55

Sist oppdatert: 13.12.2021 11:23

Mer om