Vidar Knotten Egersund Herøy hoved
VEKST: Vidar Knotten og Egersund Herøy treng meir plass og er no klar til å utvide anlegget på Mjølstaneset. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Sette rekord og byggjer nytt

Egersund Herøy veks fort og satsar no rundt 70 millionar kroner på å utvide anlegget på Mjølstadneset.

27.07.2021

- Vi er godt i rute i år for å nå budsjettet på 93 millionar kroner.

Det skriv ein ferierande dagleg leiar Vidar Knotten i Egersund Herøy i ein sms til NETT NO.

Herøy-selskapet veks fort, og hadde i fjor ei omsetning på 91 millionar kroner. Det er ny rekord.

Dei siste fire åra har omsetninga gått frå 49 millionar kroner til 91 millionar.

Driftsresultatet i fjor enda på 9,8 millionar kroner, 3,3 millionar betre enn året før. Derimot enda resultatet før skatt på 0,3 millionar etter tap på andre finanskostnader på 12,5 millionar.

(saka held fram etter tabellen)

Egersund Herøy
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 91 72,1
Driftsresultat 9,8 6,5
Resultat før skatt 0,3 6,6

Ferdig utbygd om eitt år
Ved anlegget på Mjølstaneset har ein i dag ein produksjonshall for nøter og utstyr på 122 x 22 meter, samt eit notlager på rundt 20 meter der fiskebåtreiarane får bøtt nøtene sine.

Men med rundt 300 båtanløp i året og auka aktivitet, treng selskapet meir plass. No skal anlegget utvidast for 60-70 millionar kroner med utviding av notlager, produksjonslokale, riggverkstad og kontor.

I tillegg skal kommunen byggje ny kai.

- Vi er i gang med prosjekteringa, og håper å vere ferdige med utbygginga til neste sommar/haust, opplyser Vidar Knotten.

Full produksjon
Egersund Herøy har ein samla eigenkapital på 41,5 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 1,3 millionar.

Selskapet hadde i 2020 27 tilsette, og produksjonen gjekk som fullt trass i koronautfordringar.

Selskapet er eigd av Egersund Group Fiskeri, eit heileigd selskap av Egersund Group som i 2019 hadde ei omsetning på 3,6 milliardar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 41 millionar.

Egersund Group har fem bøteri i Danmark, fabrikkar både i Lithauen og Tyrkia som produserer oppdrettposar og eit notbøteri på Island.

I Norge har ein produksjon av notlin til snurpenøter i Manger, notbøteri i Meløy og Egersund, i tillegg til eit anlegg på Hvaler som produserer små reketrålar.

Publisert: 27.07.2021 15:41

Sist oppdatert: 27.07.2021 15:46

Mer om