Havila diamanten mjølstadneset foto marius 11
MJØLSTADNESET: Det nye kundesenteret for dei reisande vil bli plassert i nærleiken av Havila-bygget (t.h.) på Mjølstadneset. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kystruten opnar kundesenter

Skal ha fleire nye tilsette i løpet av kort tid.

Marius Rosbach
28.10.2021

Havila Kystruten opprettar senter for kundeservice i Herøy, ifølgje ei pressemelding torsdag.

Senteret skal opp og gå i løpet av kort tid, og stillinga som dagleg leiar er allereie lyst ut. Til saman skal senteret har åtte stillingar, som blir lyst ut i løpet av november.

Førebels er det ikkje bestemt kvar senteret skal ligge, men det vil vere i nærleiken av hovudkontoret til Havila på Mjølstadneset.

– Vi ønskjer eit tett samarbeid mellom hovudkontoret og servicesenteret. Då er det smart være nær kvarandre. I tillegg er det i tråd med hovudeigarane si målsetning om å skape arbeidsplassar langs kysten og levekraftige lokalsamfunn, uttaler HR-sjef Monica Nipen i Havila Kystruten i meldinga.

Eit av bygga i «nabolaget» til Havila-kontoret skal vere mest aktuelle i første omgang. Etter det NETT NO kjenner til, kan det også vere aktuelt å flytte inn i det nye bygget til Ervik & Sævik-reiarlaget som står klart neste år.

Reiarlaget skal starte å segle den tradisjonsrike ruta mellom Bergen og Kirkenes frå desember. Då er det første av fire skip - Havila Capella - klar for innsats.

Publisert: 28.10.2021 13:11

Sist oppdatert: 09.11.2021 23:17

Mer om