(NPK-NTB): Prisanslaget for fangst og lagring av CO2 i Noreg blir justert kraftig opp i ei ekstern kvalitetssikring. Kostnad over ti år kan bli 25,1 milliardar kroner.
Dei nye tala kjem fram i sluttrapporten frå ei ekstern kvalitetssikring gjennomført av dei to konsulentselskapa Atkins og Oslo Economics.
Konsulentselskapa konkluderer med at det kan vere best å berre fange CO2 frå eitt av dei to anlegga som har vore oppe til vurdering.
Kvalitetssikrarane meiner då at Norcems sementfabrikk i Brevik i Porsgrunn kjem best ut og bør prioriterast framfor Fortums avfallsforbrenningsanlegg i Oslo.

Publisert: 25.06.2020 13:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26