Kort fortalt

Covid-19 kan gi yrkesskadeerstatning

Om det er truleg at ein er smitta i jobben. 

03.09.2020
(NPK-NTB): Covid-19 inngår no blant sjukdommane som kan godkjennast som yrkessjukdom og gi rett til erstatning.
Det skriv .
Så langt har Arbeidstilsynet berre fått inn melding om 15 koronasmitta personar frå Register for arbeidsrelatert sjukdom. Det er i hovudsak snakk om folk i helsevesenet.
– Oversikta er likevel på ingen måte dekkjande for det faktiske talet på smitta, seier Tone Eriksen, overlege ved avdeling for arbeidsmiljø og regelverk i Arbeidstilsynet.
Viss det er sannsynleg at ein er smitta av koronaviruset på arbeidsplassen, er covid-19 å rekne som ein yrkessjukdom, forklarer ho - men legg til att det i første rekke gjeld for helsepersonell.
(©NPK)

Publisert: 03.09.2020 09:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25