(NPK-NTB): Trass i halvering av annonseinntektene samanlikna med fjoråret, leverer Dagens Næringsliv-eigar NHST Media Group eit resultat i pluss i andre kvartal.
Selskapet leverer eit resultat på 1,5 millionar kroner i pluss i andre kvartal etter å ha gått 83 millionar i underskot i første kvartal, skriv .
NHSTs reklameinntekter vart likevel halverte samanlikna med andre kvartal i 2019, som følgje av koronapandemien. Konsernet selde Morgenbladet til Mentor Medier for 40 millionar kroner dette kvartalet, og har òg ein svak vekst i brukarinntekter. Selskapet gjennomførte òg ein emisjon på 50 millionar kroner i mai.
I andre kvartal enda dei samla driftsinntektene på 270,1 millionar kroner, ein nedgang på 10,3 prosent samanlikna med andre kvartal i 2019.
Konsernet hadde driftsinntekter på 551,4 millionar kroner i første halvår, ned 7,0 prosent i forhold til same periode i fjor.
(©NPK)

Publisert: 09.07.2020 15:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26