Kort fortalt

Danmark inn i Norwegian Gannet-saka

Vil ha minneleg løysing.

15.06.2020
NPK: Den danske regjeringa har uttalt at dei ønskjer ei minneleg løysing på saka mellom Hav Line og den norske stat.
Hav Line har saksøkt den norske staten etter at dei ikkje lenger får lov til å ta med all fisken til Danmark for å sortere der, og så ta med eventuell prodfisk tilbake til Noreg.
Rettssaka som no føregår i Bergen tingrett, har fått mykje merksemd i danske aviser. Måndag brukte den danske avisa Børsen to sider på saka, skriv .
I avissaka har den danske fiskeriministeren, Mogens Jensen, sagt at han er overtydd om at to gode, nordiske naboar bør kunne finne ei minneleg løysing.
Ilaks har spurd fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen om kommentarar til saka. Han ønskja ikkje kommentere ei rettssak som ikkje er avgjort.

Publisert: 15.06.2020 17:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27