Kort fortalt

Dansk sildestøtte

Norske fiskarar får dansk støtte om sildekvotar.

10.05.2016
(NPK): Norske fiskarar kom nyleg med sterk mistillit til havforskarane om måten sildebestanden blir kartlagt på her i landet. No får dei støtte av dansk forskar.
– Denne galskapen må stoppast. Fiskarar og kystsamfunn blir frårøva store verdiar, seier administrerande direktør Ture Korsager i det danske skipsmeklarfirmaet Atlantic Shipping til .
Han meiner påstanden til norske forskarar om at det berre er 0,3 sild per kubikkmeter vatn i sildestimen er eit skrekkeksempel på feil forsking. Korsager har i over 25 år formidla kjøp og sal av fiskebåtar, kvotar og fiskeriselskap over heile verda og seier han er opprørt over den norske debatten om storleiken på sildekvotane. Ifølgje den danske forskaren har norske fiskarar brei støtte også frå andre hald.
Det er særleg måten kartlegginga av sildebestanden blir gjort på fiskarane og forskarane har vore usamde om. Fiskarane meiner forskarane i større grad burde gjort seg nytte av fangsdata frå fiskarane.
Det er Korsanger samd i. Han meiner forskarane her i landet bør sjå til Irland. Der har forskarane og fiskarane ifølgje avisa fått ei meir lik oppfatning av sildebestanden etter at forskarane blei med fiskarane på tokt med hjelp av sonar.
Forskingssjef Geir Huse ved Havforskingsinstituttet meiner på si side at Korsager blandar korta.
– Når det gjeld tettleik er det ei avsporing å fokusera på dette i samband med bestandsvurdering, seier Huse.
Han seier havforskarane måler mengda pelagisk fisk med ekkolodd og at tettleiken varierer mykje mellom ulike område og gjennom sesongen.
Forskingssjefen er likevel samd i at fangstdata også er viktig for målingane og seier at Havforskingsinstituttet ønskjer å halda fram å samarbeida med fiskerinæringa om dette. (©NPK)

Publisert: 10.05.2016 13:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46