Kort fortalt

Den norske krona styrker seg

Betydeleg opp på ei veke. 

03.06.2020
(NPK-NTB): På ei veke har den norske krona styrkt seg betydeleg som følgje av stigande oljepris og redusert marknadsrisiko.
Den norske valutaen var den som styrkte seg mest av alle leiande valutaer som nyheitsbyrået Bloomberg følgjer, skriv . Mot euro styrkte krona seg frå 10,90 til 10,68 og mot dollar frå 10.00 til 9,56.
På det verste under koronakrisa var eurokursen over 13 kroner og prisen på ein dollar over 12, skriv .
Noregs Bank har gjort store oppkjøp av norske kroner, noko DNB Markets seier at fleire har lagt merke til. Dei viser òg til at oppfatninga av risiko i finansmarknaden er redusert etter koronakrisa og at oljeprisen er på veg opp.
– Det bidreg til å forklare oppgangen i kronekursen i det siste, saman med at Noregs Bank kjøper meir kroner når ein vekslar frå oljefondet til å dekkje underskotet på statsbudsjettet, seier sjeføkonom Bjørn Roger Wilhelmsen i hedgefondet Nordkinn Asset Management til E24.
Forutan amerikanske dollar var det japanske yen og sveitsiske franc som gjorde det dårlegast mot norske kroner den siste veka. Alle fall mellom 4 og 6 prosent.
(©NPK)

Publisert: 03.06.2020 08:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26