NPK-NTB: Flyavgifta blir senka for distriktsflya i Noreg, opplyser Samferdselsdepartementet.
– Vi vil gi fritak frå plikta til å betale for inntil seks tonn av den vektbaserte startavgifta. Dette styrkjer grunnlaget for flytilbodet på dei minste flyplassane våre, opplyser samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).
Formålet med endringane er å styrkje grunnlaget for flytilbod i distrikta.
Administrerande direktør Stein Nilsen i Widerøe er glad for tiltaka, som han seier er heilt nødvendige for å kunne halde oppe mange av distriktsrutene.
– Dette er ei kjærkommen lette i nokre av avgiftene, sjølv om den totale avgiftsbelastninga framleis vil vere vesentleg høgare enn ho var for få år sidan, seier han.

Publisert: 20.12.2019 19:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31