Kort fortalt

DNB ventar vekst over normalen

Oljebremsen slepper taket.

23.08.2017
NPK-NTB: Veksten ligg an til å overstige «normalvekst» allereie i år, anslår DNB i sitt nyaste anslag over utviklinga i norsk økonomi.
DNB-rapporten «Økonomiske utsikter» slår fast at oljebremsen er i ferd med å sleppe taket og at aktiviteten i norsk økonomi er på veg opp.
Men ei svakare utvikling i bustadinvesteringane frå neste år vil tynge aktiviteten. DNB-analytikarane ventar at bustadprisane vil fortsette å falle, og at det er ein risiko for at eit markert bustadprisfall kan ramme norsk økonomi.
DNB ventar at arbeidsløysa vil falle noko.
DNB trur at Noregs Bank vil halde styringsrenta uendra fram til etter sommaren 2019, før sentralbanken så startar å heve rentene i takt med andre land. DNB anslår ei renteheving på 0,25 prosentpoeng hausten 2019 og ytterlegare 0,25 både våren og hausten 2020.

Publisert: 23.08.2017 11:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41