(NPK): Selskapet SeaSmart har utvikla ein drone som kan måle oksygen, temperatur og lysforhold i merdar med oppdrettsfisk.
– Droneløysinga gir havbruksselskapa betre informasjon om korleis fisken har det og reduserer vedlikehald samanlikna med dagens løysingar, seier direktør Andreas Morland i SeaSmart til Intrafish.no.
Dronen kan måle miljøforholda i heile merden og sender data som deretter blir tilgjengeleg på nett.
SeaSmart er framleis i oppstartsfasen og har sidan i haust vore ein del av gründerprogrammet ACCEL Seafood. Sjømatklynga NCE Seafood og Bergen Teknologioverføring AS (BTO) står bak det 12 veker lange programmet for dei som vil starte eller har starta eit innovativt selskap i sjømatbransjen.

Publisert: 12.01.2017 10:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43