Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal skal ikkje møtast fysisk ved Union Hotel i Geiranger 12. og 13. oktober. I staden blir møtet gjennomført digitalt, opplyser fylkeskommunen i ei tysdag.
Årsaka er smittesituasjonen for Covid-19 i fylket, fortel fylkesordførar Tove-Lise Torve.
– Vi har no fleire pågåande utbrot av smitte i fylket, og det er klart ein stigande trend med 62 bekrefta tilfelle dei siste 14 dagane, med Molde og Kristiansund som dei mest omfattande. Vi ser også at det er fleire tilfelle i andre kommunar, uttalar Torve.
Representantane som skal møte på fylkestinget har også kritiske funksjonar i eigen kommune, mellom anna er fleire av representantane ordførarar.
Mellom sakene som skal opp, er rapporten om økonomistyring i fylkeskommunen og økonomirapport for 2. tertial i år, ifølgje .

Publisert: 06.10.2020 16:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24