NPK: Alle fylkesvegferjesambanda i Sogn og Fjordane skal ta i bruk autopass-regulativet for ferjetakstar som permanent løysing så snart som mogleg.
Det vedtok fylkestinget i Vestland 12. mai. Samstundes vedtok ein å oppheve prisreduksjonen som Statens vegvesen innførte som mellombels koronatiltak frå 1. april.
Som følgje av koronapandemien har ein i heile landet gått vekk frå manuell billettering på ferjene, for å unngå smittespreiing mellom mannskap og trafikantar ved billettkjøp. Dette har ført til tap av inntekter på ferjesamband der betalinga skjer manuelt. På samband der ein har teke i bruk skiltlesing og etterfakturering, får ein berre inn betaling for køyretøyet. Ein går dermed glipp av inntekter for passasjerane.
Statens vegvesen har derfor gått over til å nytte autopass-regulativet på alle riksvegferjesambanda der dette ikkje allereie har vore i bruk. Fylkestinget i Vestland har vedteke å følgje Statens vegvesen både av tekniske omsyn og for å sikre billettinntektene. Ved å gå over til autopass tek ein omsyn til smittevern og unngår manuell billettering, samstundes som ein får inn dei same inntektene som før.
Med autopass skjer billetteringa gjennom brikke-/skiltlesing og ikkje gjennom manuelle operasjonar. Gjennom autopass tek ein berre betalt for køyretøyet, medan alle passasjerar og gåande reiser gratis. Prisen for passasjerar blir innbakt i prisen for køyretøy, og prisen for dei ulike kategoriane er berre innbyrdes endra.
Det er derfor i hovudsak reisande som køyrer åleine i personbil som får den største prisauken. Ved overgang til autopass vil dei som køyrer åleine i personbil oppleve ein prisauke på i overkant av 30 prosent. Nokre av dei lengste køyretøygruppene får ein prisnedgang.
I Sogn og Fjordane innfører ein no autopass på åtte ferjesamband. Fire samband har dette frå før.

(©NPK)
Publisert: 05.06.2020 13:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26