NPK-NTB: Konsumprisindeksen (KPI) steig 0,7 prosent frå juni til juli. Matvareprisane, som steig med heile 3,3 prosent, bidrog særleg til auken.
Indeksen har gått opp 1,3 prosent sidan juli 2019, viser tal frå (SSB).
Dei fleste varegruppene hadde ein oppgang i juli. Unntaket er klede og skotøy som gjekk ned 2,8 prosent.
Også i juli er konsumprisindeksen påverka av koronarestriksjonane til styresmaktene. Tenester der tilnærma all konsum har falle bort utgjer om lag 2,5 prosent av total KPI.
Kjerneinflasjonen (KPI-JAE) steig med 3,5 prosent frå juli 2019 til same månad i år. Frå juni til juli var det ein nedgang på 0,9 prosent.

Publisert: 10.08.2020 09:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25