Kort fortalt

Dyrare straum i kraftkommunane

(NPK): Statnett kuttar rabattane til stader med høg kraftproduksjon. Det betyr høgare nettleige for innbyggjarane.

17.01.2014
– Endringa betyr i praksis at det blir ein høgare tariff i distrikta og tilsvarande lågare tariff i bynære strok, seier Knut Lockert i Distriktenes Energiforening (Defo) til Nationen.
Rabatten har vore rekna ut frå forholdet mellom kraftproduksjon og nettleige, og kommunar med høg produksjon har hatt opp til 90 prosent rabatt. I haust vedtok Statnett at ingen kan ha meir enn 50 prosent rabatt. Det medfører nesten ei dobling i nettleiga i enkelte kommunar. Til dømes i Vang i Valdres aukar ho med 500 kroner.
Lockert meiner det er uheldig med så store svingingar frå eit år til eit anna.
Prisauken kjem samtidig med at regjeringa har kutta 90 millionar kroner i potten til nettutjamning. Det fører også til høgare nettleige på stader med spreidd busetnad og hardt vêr.
Avisa Firda har rekna ut at innbyggjarane i Sogn og Fjordane betaler 50 prosent meir i nettleige enn kundar i Oslo. Samstundes er fylket den tredje største kraftprodusenten i landet. (©NPK)

Publisert: 17.01.2014 13:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22