Få tema er meir myteomspunne enn kjernekraft. Underteikna hugsar framleis kva tid eg blei klar over det og skreiv denne artikkelen.
Seinare har det vore skrive ein del artiklar om kjernekraft i Nett No. Seinast denne veka.
Under eit seminar på Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund kom det fram at det amerikanske selskapet Emerald Nuclear vil etablere to fabrikkar på Sunnmøre – éin for produksjon av kjernekraftreaktorar til bruk på skip og éin for produksjon av brennstoff.
Nyheita om ei satsing som kan føre til at det blir etablert kring 200 nye arbeidsplassar i ei ny næring, er sjølvsagt spennande i seg sjølve. Samtidig kan det vere starten for ei næring som kan gi større ringverknader på Nordvestlandet.
Amerikanarane ventar at det innan 2023 vil vere fleire enn 500 ingeniørar, masterkandidatar og personar med doktorgrad som jobbar med maritim kjernekraft her i regionen. På lengre sikt trur dei endå fleire vil vere sysselsett gjennom drift, vedlikehald og ettermarknad.
Hallgeir Juliebø i Emerald Nuclear var tydeleg på at det ikkje var noko anna plass i verda, ei slik satsing var mogleg. Ei årsak var at regionen har ei maritim klynge i verdsklasse. Ei anna var NTNU i Ålesund.
Miljøet på NTNU med professorane Jan Emblemsvåg og Hans Petter Hildre i spissen har vore pådrivarar for at det no blir oppretta eit senter for kjernekraft på Campus Ålesund.
Det er verdt å nemnte at senteret kjem som ein følgje av Nuproship-prosjektet der ein rekke aktørar er med, mellom anna Vard, Ulstein Group og Island Offshore.
Om arbeidet lukkast, kan sivile skip om fem-seks år – eller der omkring - ha kjernekraft som alternativ – og det vil vere konkurransedyktig når det kjem til økonomi, sikkerheit og ikkje minst vil det kutte klimagassutslepp.
Det vil i seg sjølv vere eit sjumilssteg i det sokalla grøne skiftet.
Om alt går etter planen vil det då også ligge ein flytande reaktor ved Campus Ålesund som skal nyttast til opplæring og demonstrasjon av tryggleiken.
Så til spørsmålet om kva dette kan gjere med synet på kraftutbygging på land: Ein bør nok ikkje foregripe den politiske debatten som truleg kjem og arbeidet med å få alt av regelverk på plass.
Samtidig er det slåande korleis kjernekraft i løpet av få år, er gått frå å vere ein «paria» i energidebatten – til å vere det mange meiner er ein sentral del av løysinga for framtidas energibehov (saman med andre energikjelder som sol- vind og vasskraft, journ. anm.).
Under kjernekraftseminaret i Ålesund var sikkerheit og lagring av avfall knapt ein del av diskusjonen. Det er eit tilbakelagt stadium for dei som er oppdatert på moglegheitene dagens teknologi tilbyr.
Deltakarane på NMK var meir opptekne av å fortelje om løysingar for alt frå praktisk lagring om bord, til korleis nokon av verdas rikaste yachteigarar er meir villige til å satse økonomiske midlar på kjernekraft, enn styresmaktene i mange land.
Reaktorane som er tenkt plassert på skipa til sjøs, er langt mindre enn kraftverka som tradisjonelt er bygd på land. Likevel kan erfaringa med slike reaktorar gi gode idear til korleis ein kan sikre stabil kraft til store industriaktørar – eller bygdesamfunn i grisgrendte strøk. Ein anna fordel er at brukt brensel frå skipsreaktorar kan brukast om att i større, landbaserte reaktorar.
Framskritta for kjernekraft når det gjeld teknologi, sikkerheit og lønnsemd verkar ikkje gjere stort inntrykk i regjeringsapparatet her til lands. Per i dag blir det knapt løyvd pengar til kjernekraft, samanlikna med dei titals milliardane som skal gå til havvind.
Dei 96 millionane frå forskingsrådet til det nye senteret i Ålesund er slik sett berre eit ørlite skritt i retning for å gjere opp ubalansen - og milevis frå den teknologinøytrale tilnærminga fleire ønsker seg.
Uansett skal det bli spennande å sjå kva det gjer med haldninga til bruk av kjernekraft på land om det blir slik at folk i løpet av få år har reaktorar på arbeidsplassen sin til sjøs, eller i nabolaget kring Campus Ålesund.
Iallfall i eit fylke som Møre og Romsdal, som er mellom dei mest pressa i landet når det gjeld tilgang til kraft, og ein rekke bedrifter står i kø for å få meir straum.
Legg til ei befolkning som er i overkant opptekne av kva som løner seg, så kan ein håpe det vil få ein større snøball til å rulle.
Publisert: 08.02.2026 05:00
Sist oppdatert: 26.02.2026 10:22






