Kort fortalt

Dyrt Asia-prosjekt

Plattformer kosta 70 milliardar ekstra.

18.10.2017
NPK: I åra 2009 til 2013 gjekk sju av elleve plattformkontraktar på norsk sokkel til verft i Asia og berre fire til norske verft. Ein ny rapport viser no at dei asiatiske plattformdekka i gjennomsnitt kosta 75 prosent meir enn dei norskbygde.
Argumenta for å setje oppdraga bort til verft i Sør-Korea og Singapore, var at desse verfta var billegare, men òg at kapasiteten ved verfta i Noreg var sprengd, skriv .
Det er konsulentfirmaet Rystad Energy som no har gått gjennom dei elleve prosjekta basert på tal som oljeselskapa sjølve har rapportert inn til styresmaktene i samband med statsbudsjettet. Når byggjekostnader, inntektstap i samband med forseinkingar og produksjonsproblem etter oppstart er tatt med i reknestykket, har den samla ekstrakostnaden vore på 70 milliardar kroner, ifølgje rapporten.
– Dette har vi gjort for eiga rekning. Det er ein problematikk vi har vore veldig opptatt av dei siste åra. Det er såpass store tal at vi meiner det bør fram i lyset, seier rapportforfattar Magnus Kjemphol Lohne i Rystad Energy til Dagens Næringsliv.
Ifølgje reknestykka til Rystad Energy kosta dei norskproduserte plattformdekka i gjennomsnitt 421 kroner per kilo. Dei asiatiske kom på 509 kroner per kilo – 732 kroner per kilo når verditapa i samband med forseinkingar og kvalitetsproblem er rekna med.

Publisert: 18.10.2017 08:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41