Kort fortalt

Dyrt med mobil i Noreg

Ligg over nabolanda.

24.03.2023

Prisen på mobiltenester er for høge i Noreg samanlikna med nabolanda våre. Det viser ein analyse som er offentleggjort av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har utarbeidd ein marknadsanalyse som konkluderer med at det framleis er behov for å regulere mobilmarknaden.

Nkom understrekar at dei som styresmakt skal sørgje for at norske forbrukarar får gode og rimelege mobiltenester. Det viktigaste målet for reguleringa i mobilmarknaden er å leggje til rette for eit tredje konkurransedyktig mobilnett som kan utfordre etablerte Telenor og Telia.

– For å leggje til rette for valmoglegheiter og rimelege prisar for mobilkundar, har Nkom gitt Telenor forpliktingar til å gi tilgang til nettet sitt. På den måten kan utfordrarar som sjølv ikkje har eige mobilnett, tilby mobiltenester og bidra til konkurranse i sluttbrukarmarknaden, siger Inger Vollstad, seksjonssjef i Nkom.

(©NPK)

Publisert: 24.03.2023 14:04

Sist oppdatert: 24.03.2023 14:04