Kort fortalt
Egersund Herøy med rekordoverskot
Meir enn dobbelt så stort som førre toppresultat.
Marius Rosbach
21.07.2022
Rekneskapen til Egersund Herøy viser eit resultat før skatt på 11,8 millionar.
Overskotet er det største selskapet har levert nokon gong, og kring dobbelt så høgt som førre rekordoverskot.
NETT NO fortalde allereie i mai at omsetninga enda på 116 millionar og utsiktene ser gode ut. Styret sa tidlegare i år ja til ei utviding på rundt 75 millionar kroner.
Egersund Herøy blei etablert i 1999 og er heileigd av Egersund Group. Eigarane tok konsernbidrag på drygt 2,3 millionar etter det gode fjorårsresultatet.
Egersund Herøy | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 116,4 | 91 |
Driftsresultat | 11,5 | 9,8 |
Resultat før skatt | 11,8 | 0,4 |
Publisert: 21.07.2022 13:07
Sist oppdatert: 21.07.2022 13:51