Egersund Herøy Vidar Knotten og
MEIR PLASS: Snart får Janne Bendal og Anne-May Årdal meir plass til å produsere trålnøter og sekkar. Bak ein fornøgd dagleg leiar Vidar Knotten. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Slår alle rekordar - har vedtatt utviding

- Vi har hatt ein fantastisk start på året og utfordringa er å klare å levere trålar og sekkar til rett tid.

18.05.2022

Det seier dagleg leiar Vidar Knotten i Egersund Herøy.

Styret i selskapet har no sagt ja til ei utviding på rundt 75 millionar kroner.

- Dette vil løfte oss vidare, seier Knotten.

Ny produksjonshall
Det skal byggjast nytt notlager, ny produksjonshall på 57 x 15 meter, ny riggverkstad, i tillegg til at kontorfløya skal utvidast.

- Vi kjem til å verte mykje meir effektive når utbygginga er ferdig.

Den nye produksjonshallen kjem i tillegg til dagens hall på 122 x 21 meter.

- Her er det heilt fullt. Når vi skal ha inn snurpenøter for reperasjon, må vi rydde unna masse utstyr, noko som tek tid. Med ein ekstra produksjonshall slepp vi dette.

300 båtanløp i år
Herøy-selskapet har 32 tilsette, dei aller fleste lokale. Men på grunn av mange oppdrag, har selskapet henta inn fire tilsette frå dotterselskapet i Lithauen.

- Vi hadde over 100 båtanløp til påske. Vi kjem truleg til å passere 300 i år, seier Knotten.

Han opplyser at det vart sett solid ny omsetningsrekord i fjor.

- Vi hadde eit budsjett på 93 millionar, men nådde vi 116 millionar.

- I år ser det endå betre ut.

Egersund Herøy Vidar Knotten Skår
UTVIDING: Vidar Knotten og Egersund Herøy med rekordmange båtanløp. Her er det nye Skår Senior som ligg klar til å ta om bord nøter. Foto: Kjetil Haanes
Vi kjem til å verte mykje meir effektive når utbygginga er ferdig
Vidar Knotten


Flytetrål til kvitfisk
I tillegg til å lagre og reparere nøter, produserer selskapet sjølv trålar, sekkar, nøter og utstyr.

Nytt i år er produksjon av flytetrål til kvitfisk som rødfisk, hyse og sei.

- Dei største nøtene er 100 meter breie og 50 meter djupe. Dei har vist seg effektive, i tillegg til at dei bidreg til miljøvenleg fiske sidan dei ikkje vert slepte etter botnen, seier Knotten.

Ei rekke fiskebåtar har fått om bord dei nye flytetrålane. I tillegg vert det produsert nøter til makrell-tråling .

- Sidan norske fartøy ikkje får fiske i britisk sone i år heller, må ein bruke trål i staden for not, seier Knotten.

American Seafood
Selskapet veks også på produksjon og reperasjon av snurpenøter.

- Vi leverer også ein del trålar til American Seafoods i Seattle. I fjor selde vi for rundt 15 millionar til pollackfiskeriet.

- I tillegg lagar vi trål og poser til reke, kolmule, stavsild og sild, og 25 prossent av omsetninga i fjor var til offshore, verft og brønnbåtar.

Knotten seier at Egersund Herøy i utgangspunktet dekker i utgangspunktet kysten frå Måløy og nordover.

- Men austevollingane brukar oss til å reparere silde- og makrellnøter, seier Knotten.

Meir kaiplass
Han ser lyst på framtida.

- Eitt av problema har vore at vi har hatt for liten kaiplass. Også dette er no i ferd med å ordne seg gjennom utbygging av nye kommunale kaier.

- Det ser verkeleg bra ut framover.

20220516 111250 1
VEKS: Egersund Herøy veks ut av dagens lokale. Snart får dagleg leiar Vidar Knotten og resten av staben meir plass til lagring og produksjon av nøter. Foto: Kjetil Haanes

Solid eigar
Egersund Herøy vart etablert i 1999, og Knotten har leia selskapet sidan starten.

Egersund Herøy er heileigd av Egersund Group, som i 2020 hadde ei omsetning 4,0 milliardar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 122 millionar.

Egersund Group har fem bøteri i Danmark, fabrikkar både i Lithauen og Tyrkia som produserer oppdrettposar og eit notbøteri på Island.

I Norge har ein produksjon av notlin til snurpenøter i Manger, notbøteri i Meløy, Egersund, Honningsvåg og Båtsfjord, og eit anlegg på Hvaler som produserer små reketrålar.

Egersund Group er også tungt inne i børsnoterte Aqua Group.

Publisert: 18.05.2022 04:59

Sist oppdatert: 17.05.2022 19:27

Mer om