Lagar mat til sjuke og soldatar
Dei tilsette ved Egersund Seafood jobbar på spreng for å skaffe mat til soldatar, skada og sjuke.
- Vi vart tvinga til å stenge butikkane og restaurantane på grunn av det russiske angrepet på Ukraina. Men eigarane av selskapet bestemte at vi skal prøve å hjelpe sjuke, såra, andre trengande og soldatane som vernar våre liv og vår uavhengigheit.
Det skriv direktør Sergii Lysiuk i Egersund Seafood i Kyiv i ein epost til NETT NO.
Store på sjømat
Han opplyser at mange av dei tilsette arbeider døgnet rundt for å skaffe mat.
- Vi steiker brød, kjøper inn den maten som framleis finst, og leverer rundt til sjukehus og til forsvarsstyrkene.
Pelagia-eigde Egersund Seafood er storimportør av norsk sjømat til Ukraina.
Selskapet har også bygt ut eige produksjonsanlegg, og har seks butikkar og sjømatrestaurantar i Kyiv. I tillegg har selskapet ein butikk og restaurant i Lviv.
400 tilsette
Totalt hadde selskapet rundt 400 tilsette i Ukraina då krigen starta.
- Eg veit ikkje kor mange vi er i dag. Det endrar seg heile tida, skriv Lysiuk.
Han opplyser at mange andre selskap stiller opp med hjelp, både lokale selskap og andre internasjonale matvareselskap.
- I går fekk vi fem tonn med poteter.
- I dag treng vi grønsaker, skriv Lysiuk.
Han oppheld seg framleis i Kyiv saman med familien.
- Tusen takk til alle som hjelper. Det trengst.
Publisert: 04.03.2022 15:11
Sist oppdatert: 21.07.2022 12:53