Kort fortalt

Ei av tre bedrifter har fått avslag

Ikkje alle får koronahjelp.

08.05.2020
NPK-NTB: Skatteetaten har avslått nesten 8.000 søknader frå norske koronaramma bedrifter om kompensasjon.
Per 8. mai har 18.749 bedrifter fått til saman 870 millionar kroner i stønad til å dekkje faste, uunngåelege utgifter, viser tala til Skatteetaten.
Samtidig opplyser etaten til at 7.986 bedrifter – i underkant av ein tredel av bedriftene som har søkt – har fått tommelen ned. Rundt 1.000 saker er framleis til behandling.
Kompensasjonsordninga for bedrifter går ut på at staten dekkjer ein del av faste, uunngåelege utgifter, som renter, leigeutgifter og avgifter, for bedriftene.
Bedrifter som er pålagde å stengje på grunn av koronatiltak, kan få dekt 90 prosent av kostnadene, medan resten kan få dekt 80 prosent. Kvar bedrift kan maksimalt få 30 millionar kroner i stønad.
Skatteetaten opplyser at dei har fått inn 69 tips om verksemder som blir mistenkte for å vilje utnytte kompensasjonsordninga.

Publisert: 08.05.2020 14:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27