Kort fortalt

Eigarar saksøkjer ikkje gruveaksjonistar

Nordic Mining droppar søksmål.

04.04.2016
(NPK-NTB): Gruveselskapet Nordic Mining har lagt bort planane om å saksøkje aksjonistane som stoppa prøveboringa på Engebøfjellet i Sogn og Fjordane.
I ei børsmelding måndag skriv selskapet at det ikkje vil bruke ressursar på å saksøkje miljøaktivistane som stoppa prøveboringane tidlegare i vinter, skriv .
– Vi har avgjort å ikkje bruke ressursar på tidkrevjande og kostnadskrevjande juridiske prosessar mot demonstrantane, skriv Nordic Mining i børsmeldinga.
Nordic Mining trua med å saksøkje aktivistane som lenka seg fast til anleggsmaskiner som heldt på med prøveboringar. Lenkeaksjonane gjekk føre seg i tre veker i februar. Boringa vart omtrent to veker forseinka, og aksjonane hadde moderate skadeverknadar, ifølge selskapet.
Det er spesielt planane om å dumpe inntil 6 millionar tonn gruveavfall årleg i Førdefjorden som har fått miljøvernarane til å steile.
Naturvernforbundet har tidlegare meldt at dei 80 aktivistane som deltok i aksjonane, allereie har fått rundt 800.000 kroner i bøter. Ein underskriftskampanje for å få Nordic Mining til å avstå frå å saksøkje demonstrantane, fekk 5.900 underskrifter. (©NPK)

Publisert: 04.04.2016 12:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47