NPK: Mange er svært negative til vindkraft, viser ei fersk undersøking. Likevel er det nesten like mange som seier ja til vindkraft som dei som seier nei.
Ei representativ undersøking gjennomført av Opinion for NRK syner at 37 prosent er meir negative no enn for eitt år sidan.
– Det blir bygd mange vindkraftanlegg no. Det er nok grunnen til at fokuset har skiftet i den negative retning, seier Andreas Thon Aasheim, spesialrådgivar i bransjeorganisasjonen Norwea, til
I den ferske meiningsmålinga er det berre 2 prosent som skil ja-sida frå å vere like stor som nei-sida når det gjeld vindkraft på land.
19 prosent av dei spurde er svært positive til vindkraft på land, 22 prosent er noko positive, 14 prosent svarer verken eller, 15 prosent er noko negative, 28 prosent er svært negative og 2 prosent veit ikkje.
Mange har den siste tida vist stor motstand mot vindkraftutbygging fleire stadar i landet. Blant anna har motstanden vore stor på Haramsøy i Møre og Romsdal. Torsdag vart det klart at fylkesordførar Tove-Lise Torve i Møre og Romsdal skal møte statsråd Tina Bru for å diskutere vindkraftutbygginga på Haramsøya tysdag neste veke.

Publisert: 26.06.2020 08:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26