Kort fortalt

Ein av fire fekk ikkje krisehjelp

11.000 bedrifter med avslag. 

03.06.2020
(NPK-NTB): Ein av fire bedrifter som har søkt om støtte under koronakrisa har fått avslag, viser tal frå Skatteetaten.
Det er som har henta inn tala over kor mange bedrifter som har fått middel frå krisepakken til regjeringa under koronautbrotet. Talet til skatteetaten viser at 32.433 selskap har fått godkjent søknadene sine, medan 11.002 har fått avslag.
Til saman er over 1,9 milliardar kroner utbetalte i kompensasjonsstøtte for mars og april.
– Det er fleire årsaker til at søknader blir avslått. Ei årsak kan vere at føretaket ikkje oppfyller alle kriterium for å kunne få tilskot frå kompensasjonsordninga, eller at søknaden har mangelfulle opplysningar. Det er mogleg å søkje på nytt, og det er mogleg å klage på avslag. Klagefristen er sett til seks veker, skriv seksjonssjef i divisjon innsats Stine Olsen i Skatteetaten til avisa.
(©NPK)

Publisert: 03.06.2020 08:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26