Kort fortalt

Ein av fire vil til utlandet i sommar

– Ikkje mykje, synest Innovasjon Norge-sjefen.

29.04.2021

(NPK-NTB): 27 prosent av befolkninga reknar med å ta ein utanlandstur i sommar, viser ei ny undersøking frå Innovasjon Noreg.

Rundt halvparten av desse, 14 prosent, vil kombinere utanlandsturen med noregsferie, medan den andre halvparten satsar på å ta heile ferien i utlandet, ifølgje undersøkinga.

Innovasjon Noreg-direktør Bente Bratland Holm synest ikkje éin av fire er så veldig mykje.

– Folk vil jo ha ferie og vil jo røre på seg, seier ho til P4.

Utanriksdepartementet rår mot reiser som ikkje er strengt nødvendige, til alle land. Rådet gjeld førebels fram til 15. mai.

Helsedirektør Bjørn Guldvog meiner at sjølv om uvissa er stor, er det ikkje er noko i vegen for å planleggje ein tur utanlands så lenge ein òg har ein plan B.

– Ein bør ikkje leggje alle pengane i potten og ikkje ha moglegheit til å avbestille. Men forhåpentleg vil mange av desse utanlandsreisene kunne gjennomførast i løpet av sommaren, seier Guldvog til P4-nyheitene.

Kommunikasjonssjef Andreas Bibow Handeland i Europeiske Reiseforsikring åtvarar på si side mot å bestille utanlandstur no.

– Er det framleis raudt lys når du skal reise, risikerer ein å ikkje få dekt avbestillingskostnader, og ein har ikkje gyldig reiseforsikring for sjølve reisa. Og det kan få ganske katastrofale økonomiske konsekvensar, seier han.

Ifølgje undersøkinga vil over halvparten, 56 prosent, gjere som i fjor og leggje heile ferien til Noreg.

(©NPK)

Publisert: 29.04.2021 10:47

Sist oppdatert: 29.04.2021 10:49

Mer om