Reiseliv restaurant stein veland montasje foto ogne marius 11
TRUR PÅ OPPSVING PÅ SIKT: NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal trur eit oppdemma behov for å reise og gå ut, kan føre til oppsving for hardt råka bransjar på sikt. Foto: Ogne Øyehaug/Marius Rosbach
Nytt

Ny nedgang i arbeidsløysa – men tøffare for nokre

Hardt råka yrkesgrupper har fått det enno tøffare, men NAV-direktør trur også desse har opptur i vente.

Marius Rosbach
21.04.2021

Ferske arbeidsløysetal frå NAV viser at oppgangen er snudd og at køen av arbeidssøkjarar har gått ned i vekene etter påske.

Det er no 4141 heilt ledige i Møre og Romsdal og 12.051 heilt ledige i Vestland, som svarar til 3 og 3,6 prosent av arbeidsstokken. Det er ein liten nedgang for begge fylka, og følgjer trenden for landet elles.

– Det er små endringar, men det går heldigvis i rett retning – og det betyr mykje for den enkelte som kjem i arbeid, seier NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal til NETT NO.

Stor auke i Stryn og Ålesund
Etter at ledigheita skaut til vers i fjor vår, har NAV-tala gått betydeleg nedover fram til det blei innført nye smitteverntiltak før påske.

I første oppdatering etter påske gjorde tala eit hopp med kring 200 nye arbeidslause i Møre og Romsdal. Ålesund stod for den klart største delen av desse – med ei auke frå 1151 til 1265 arbeidslause frå veka før påske til no.

Også i Nordfjord-kommunane Stad, Gloppen, Kinn og Stryn kom det til fleire heilt ledige i denne perioden. Spesielt i reiselivskommunen Stryn steig arbeidsløysa, frå 113 ledige før påske, til 169 denne veka. Det er ei auke på heile 50 prosent.

Ny smell for reiseliv og restaurant
Tala viser at det i første rekke er blitt fleire ledige i bransjane reiseliv/transport og serviceyrke dei siste vekene. NAV-direktør Stein Veland seier spesielt reiselivsbedrifter og restaurantar igjen har fått ein smell i denne perioden.

Veland trur at situasjonen for desse bransjane vil vere slik «ei stund», og peiker på at alt avhenger av smitteutviklinga og vaksineringa mot koronapandemien.

Kan «losne i stort monn» på sikt
– Samtidig er vi ganske sikre på at når ting først losnar, så vil også desse næringane få eit etterlengta oppsving. Truleg vil det først gjelde restaurantane, og etter kvart hotella, seier Veland.

Det er spådd mindre reiseverksemd framover som følgje av auka digitalisering, men NAV.-direktøren trur også det vil vere eit oppdemma behov hos forbrukarane, som igjen kan gi auka behov arbeidskraft i reiselivet på litt sikt.

– Eg trur folk har eit stort behov for å kome tilbake til eit normalt liv, og då kan det losne i stort monn og bli behov for mykje arbeidskraft også i desse bransjane, trur Veland.

Delt for transportbransjen
I transportbransjen er det i første rekke verksemder knytt til persontransport, som turbusselskap og liknande, som har hatt lite å gjere. For store delar av transport og logistikkbransjen elles, er det fullt køyr.

– Dei fortel at dei har meir å gjere enn på lenge. Det er eit uttrykk for at vi handlar mykje på nett, og nyttar denne type tenester, påpeiker Veland.

Flest nye ledige i varehandel på landsbasis
På landsbasis registrerte 3.700 personar seg som arbeidssøkjarar førre veke, 1.100 færre enn førre veke.

Det er størst nedgang i nye arbeidssøkjarar som opplyser permisjon som registreringsårsak, med 700 færre. Flest nye dagpengesøknader kom frå personar som jobba innan varehandel, og dessutan overnattings- og serveringsverksemd, ifølgje NPK.

Det er no 206.200 personar som er registrerte som arbeidssøkjande hos Nav, noko som utgjer 7,3 prosent av arbeidsstyrken.

Sjå alle hovudtal for Møre og Romsdal og Vestland fylke publisert tysdag (lenker til PDF)

Publisert: 21.04.2021 10:07

Sist oppdatert: 21.04.2021 13:35

Mer om