Reiseliv hotel union geiranger montasje geir pollestad foto ogne marius 11
SIL SIKRE EIGARSKAP: I eit forslag til Stortinget ber Geir Pollestad om at det blir laga ein plan for å sikra norsk eigarskap i reiselivet. Foto: Ogne Øyehaug/Marius Rosbach
Nytt

Foreslår plan for å sikre eigarskapen i reiselivet

Senterpartiet fryktar svak økonomi i bransjen opnar for utanlandske aktørar.

NPK
09.04.2021

(NPK): Senterpartiets leiar i næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad, er livredd for framtida til norsk reiseliv etter pandemien. Han meiner regjeringa må lage ein plan som skal sikra norsk eigarskap, også på lengre sikt.

Torsdag la Geir Pollestad (Sp) fram eit forslag der Stortinget ber regjeringa leggje fram ein plan for å styrkje norsk reiseliv etter pandemien og sikre norsk eigarskap til reiselivsbedrifter i Noreg.

Vil ha saka til Stortinget i mai
Pollestad både håpar og trur at forslaget kan kome gjennom næringskomiteen og til handsaming i Stortinget i løpet av mai.

Ifølgje Sps leiar i næringskomiteen hastar det med ein konkret og offensiv plan for korleis reiselivet kan styrkjast etter koronaen. Han listar opp åtte-ni ulike punkt for kva ein slik plan bør innehalde.

Det handlar mellom anna om finne reiskap og verkemiddel for å sikre norsk eigarskap av reiselivsbedrifter, men og om å gjera samla, kvalitetssikra og oppdatert informasjon til reisande som kjem inn i landet tilgjengeleg, og dessutan styrke marknadsføringa av Noreg som destinasjon.

– Reell grunn til å frykte for lokalt eigarskap
Men Pollestad peikar i forslaget også på at samferdsels og infrastruktur raskt må attende til tidlegare nivå, og at det trengst tiltak for styrking av reiselivsdestinasjonane og destinasjonsselskapa.

– Eg meiner det er god grunn til å frykte at eigarar av ulike reiselivsbedrifter, alt frå campingplassar til hotell, vil få så store økonomiske vanskar etter pandemien at det vil opna for at tunge, utanlandske økonomiske aktørar kan kome og ta over. Det er reell grunn til å frykte for lokalt eigarskap i norsk reiseliv i framtida, dersom me ikkje gjer noko drastisk no, seier han.

Vil ha krisehjelp med 10-årsperspektiv
Pollestad ber også om ein gjennomgang av dei samla verkemidla og rammevilkåra for reiselivet.

– Dette handlar sjølvsagt om økonomi, men ikkje berre kortsiktige krisepakker. Me må få ordningar for eit 10 års perspektiv som sikrar drift og lokalt eigarskap på sikt, seier Geir Pollestad.

Og den beste måten å finna svar på korleis slike ordningar bør vera er å invitere dei som har skoen på, dei som slit med å halda hovudet over vatnet rundt om i landet, til å fortelja kva dei treng i eit slikt tidsperspektiv.

Norske reiselivsbedrifter forvaltar eit attraktivt produkt som i eit langsiktig perspektiv har ein stor verdi - også for økonomisk tunge utanlandske aktørar.

– Me må for alt i verda ikkje stille oss slik at desse verdiane, denne eigarskapen forsvinn ut av landet, seier Geir Pollestad.

(©NPK)

Publisert: 09.04.2021 13:14

Sist oppdatert: 09.04.2021 16:51

Mer om