Kort fortalt

Ein av to meiner Solberg ikkje kan bli statsminister

Fersk måling etter aksjehandelen til ektemannen.

26.09.2023

(NPK-NTB): Etter skandalen om aksjehandelen til mannen meiner 44,8 prosent av dei spurde i ei undersøking at Høgre-leiar Erna Solberg ikkje kan bli statsminister igjen.

Det kjem fram av ei måling som InFact har gjort for P4 dagen etter at Erna Solberg stilte til 17 intervju der ho forklarte seg om aksjesalet til mannen og si eiga oppleving av skandalen som vart kjend veka etter valet.

I undersøkinga svarer 44,8 prosent at dei meiner Høgre-leiaren ikkje kan styre landet på nytt. 37,5 prosent meiner ho kan bli statsminister på nytt, medan 17,7 prosent svarer dei ikkje veit.

Det er forskjellar i kva kvinner og menn meiner om saka. Medan 33,7 prosent av kvinnene meiner Solberg kan bli statsminister igjen, svarer heile 45,5 prosent at dei meiner det ikkje går. For menn er det meir jamt. I alt 41,6 prosent av mennene svarer at Høgre-leiaren kan styre landet på nytt, medan 44 prosent meiner ho ikkje kan det.

Undersøkinga avdekkjer at det er geografiske forskjellar. I Midt- Noreg meiner eit fleirtal på 54,1 prosent at Solberg ikkje kan bli ny statsminister, og i Nord-Noreg svarer 50,6 prosent det same. I Oslo svarer derimot eit fleirtal på 43.1 prosent «ja» til at Erna kan bli ny statsminister, mot eit mindretal på 37,7 prosent.

Austlandet utanom Oslo er det nesten likt, der 39,5 prosent meiner Solberg kan bli statsminister igjen, medan 39,9 prosent meiner at ho ikkje kan det. På Vestlandet svarer 44,3 prosent av dei spurde at Høgre-leiaren ikkje kan bli statsminister igjen, medan 40,2 prosent meiner at ho kan bli det.

(©NPK)

Publisert: 26.09.2023 09:36

Sist oppdatert: 26.09.2023 09:36

Mer om