Kort fortalt

Ein halv million har fått Nav-støtte

Oversikt etter at koronaen slo til. 

14.09.2020
(NPK-NTB): 500.499 arbeidssøkjarar har fått støtte frå Nav sidan veke 11, då Noreg sette inn ei rekkje koronatiltak.
Det viser tal for veke 11 til 37 frå .
I tillegg har 22.429 personar fått kompensasjon som frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande.
Frå veke 12, som var veka etter at dei store koronatiltaka tredde i kraft, har i alt 492.000 personar fått ferdigbehandla søknadene sine om dagpengar. Mange fekk i vår forskot på dagpengar. 530.000 personar har søkt om dagpengar i perioden.
(©NPK)

Publisert: 14.09.2020 16:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25