Kort fortalt

Ein million til Fagskolen i Ålesund

Får pengar til laboratorium for navigasjonssystem.

Marius Rosbach
16.09.2020
Fem prosjekt ved universitet og fagskular får til saman 13,5 millionar kroner for å auka den digitale kompetansen i havutdanningane.
Fagskolen i Ålesund er mellom dei som får støtte i samband med regjeringa sin oppdaterte havstrategi Blå muligheter.
Skulen får 1,04 millionar kroner til eit prosjekt for distribuert laboratorium for navigasjonssystem, heiter det i ei frå nærings- og fiskeridepartementet.
Arbeidet involverer både bedrifter og går på tvers av utdanningsinstitusjonar. Også NTNU deltek på prosjektet ved Fagskolen i Ålesund.

Publisert: 16.09.2020 11:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25