Kort fortalt

Ekornes vil ha 15-20 nye tilsette

Mykje å gjere for møbelprodusenten.

17.08.2020
Det har gått både ned og opp for Ekornes så langt i år. Etter koronapermisjonar treng no møbelprodusenten mellom 15 og 20 nye tilsette, ifølgje .
Stillingane som er lyst ut, er innan tradisjonelle møbelfag. Produksjonsdirektør Ola Arne Ramstad fortel at det ikkje er lett å få tak på fagutdanna folk.
– Då eksportmarknaden opna opp att på forsommaren, kom ordrane inn til oss igjen. Det er stor auke over heile lina, ikkje minst er salet kjempebra i USA. Så her hos oss er det fullt køyr no, seier Ramstad til avisa.
Tidlegare i år blei mange av dei Ekornes-tilsette permittert som følgje av koronapandemien. No har fabrikkane nok å gjere, og må takke nei til fleire smittevernoppdrag – som dei har teke på seg dei siste månadene.

Les også:


Publisert: 17.08.2020 11:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25