Kort fortalt

Eksporten aukar

Nærmar seg same nivå som i fjor.

28.08.2020
NPK-NTB: Verdien av norsk eksport gjekk noko ned i førre veke, samanlikna med veka før. Eksporten er no likevel nærare nivået frå 2019 enn den var i mai og juni.
Det viser tal frå
Samanlikna med same periode i fjor var eksportverdien dei siste fire vekene 3,8 prosent lågare i år. Nedgangen er no større enn han var førre veke, men likevel er betrakteleg nærare nivået frå 2019 enn det var på forsommaren.
Eksporten av raffinerte petroleumsprodukt var på eit svært lågt nivå frå april til midten av juli, men nærmar seg fjorårsnivået. Dei siste fire vekene har verdien vore 10,8 prosent lågare enn på same tid i fjor.
Fiskeeksporten låg dei siste fire vekene 9,5 prosent under verdien frå i fjor.

Publisert: 28.08.2020 11:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25