Kort fortalt

Eksportrekord for Noreg

Vestlandet på topp.

11.03.2024

NPK-NTB: Eksporten av varer og tenester utanom olje og gass enda i 2023 på 1225 milliardar kroner. Det er det høgaste nivået nokosinne.

Mest varer vart det eksporterte frå bedrifter frå Vestlandet. Ifølgje Innovasjon Noreg eksporterte bedrifter frå denne landsdelen varer og tenester for 232 milliardar kroner i fjor.

Dei tre mest eksportintensive fylka i 2023, målt i eksport per sysselsett, var Møre og Romsdal, Vestland og Nordland. Møre og Romsdal hadde ein eksport per sysselsett på nesten 750.000 kroner, og har vore det mest eksportintensive fylket sidan første utgiving av Eksportmeldinga i 2021.

Under EU-gjennomsnittet
Sjølv om det er eit godt år i norsk kontekst, er framleis eksport som del av BNP lågare enn EU-gjennomsnittet. Eksporten legg grunnlag for 640.000 arbeidsplassar – kvar femte arbeidsplass, skriv Innovasjon Noreg i ei pressemelding.

– Det høge nivået på Noregs vare- og tenesteeksport viser at norsk økonomi er på rett veg i omstillinga. Samtidig ser vi at framtidig vekst i eksportinntektene ikkje kan takast for gitt. Noreg har lågare eksportdel enn snittet i Europa, seier administrerande direktør i Eksfin, Tone Lunde Bakker.

Samanlikna med nabolanda våre er eksporten framleis lågare, og han veks langsamare. Norsk eksport av varer og tenester som del av BNP var i 2023 på 47 prosent.

Den totale eksporten som del av BNP var lågare enn EU-gjennomsnittet på 53 prosent, lågare enn Sverige (54 prosent) og Danmark (68 prosent).

– Vi må opp på eit vekstnivå som Danmark og Sverige, viss vi skal nå målet om 50 prosent auke i eksport utanom olje og gass innan 2030. Vi ser heldigvis stort potensial i fleire delar av norsk næringsliv, og at Noreg kan bidra til det grøne skiftet i Europa innanfor mellom anna energi og grøn maritim næring, seier administrerande direktør Håkon Haugli i Innovasjon Noreg.

Rapporten er utarbeidd av Menon på oppdrag frå NHO, LO, Innovasjon Noreg, Eksportfinansering Norge og Nasjonalt eksportråd.

Sjømat for 165 milliardar
Utanom olje og gass var maritim næring i 2023 den største eksportnæringa og voks med to prosent frå 2022. Veksten var i hovudsak driven av høge fraktratar og eit auka aktivitetsnivå hos reiarlaga. Den prosentvise auken i eksport frå sjømatnæringa var på omkring 13 prosent frå 2022 til 2023, frå 146 til 165 milliardar kroner.

Dette er det høgaste nivået nokosinne, og er drive av ein fallande valuta og auka prisar på sjømat. Målt i volum var det ein svak reduksjon frå 2022.

Publisert: 11.03.2024 08:13

Sist oppdatert: 11.03.2024 08:13