Kort fortalt

Elektrifisering gir kraftmangel

Rapport om kraftsituasjonen.

NPK
22.08.2023

(NPK): Elektrifiseringa av Johan Sverdrup-feltet bidreg til kraftmangel på Sørvestlandet. Det hindrar nye og grøne industriar og pressar opp straumprisen, går det fram av ein ny rapport.

– Situasjonen er kritisk. Verksemder får nei til å etablerer seg her fordi det ikkje er nok straum, seier Magne Heimvik. Han har mange år bak seg som leiar i kraftbransjen, men er no pensjonist. Han har leidd arbeidet med ein ny rapport om kraftsituasjonen i Sunnhordland, melder NRK Vestland.

Regionen ligg i det området som har desidert høgst straumpris for tida.

Rapporten er laga av Invest in Sunnhordland, som er eit samarbeid mellom fleire kommunar for å leggje til rette for industriutvikling.

I tillegg til at kraftnettet i regionen er fullt belasta og har lite kapasitet, peikar rapporten på elektrifiseringa av Johan Sverdrup-feltet. Det er det tredje største feltet på norsk sokkel. Sidan 2018 har det vore drive med straum frå land, i staden for å produsere eigen straum frå gassen dei pumpar opp i Nordsjøen.

Ifølgje Equinor kuttar det utsleppa av klimagassar med 80 til 90 prosent.

Kablane går frå Kårstø i Tysvær i Rogaland. Feltet tek rundt 300 megawatt frå sentralnettet, som forsyner Sunnhordland og Haugalandet med straum.

(©NPK)

Publisert: 22.08.2023 10:14

Sist oppdatert: 22.08.2023 10:14

Mer om