Endeleg avtale om milliardanlegg
Salmon Evolution går inn med 200 millionar i Korea-samarbeid.
Salmon Evolution og Dongwon Industries har signert ein endeleg avtale om å bygge eit landbasert anlegg i Korea, ifølgje ei børsmelding.
Tidlegare har dei etablert eit felles selskap - K-Smart - for å bygge anlegget.
Salmon Evolution vil gå inn med totalt 200 millionar i ny eigenkapital i fleire bolkar, den første på 30 millionar i løpet av april 2021.
Dei to selskapa planlegg byggestart i 2022 og produksjonstart i 2024.
Første byggesteg for anlegget i Korea skal koste 1,6 milliardar kroner. Det skal byggast ut i to steg, kvart med ein produksjonskapasitet på 10.000 tonn laks i året.
Det planlagde anlegget i Sør-Korea blir stort, også i norsk samanheng, sjølv om Salmon Evolution sitt eige anlegg i Noreg blir større.
Publisert: 01.04.2021 12:38
Sist oppdatert: 01.04.2021 12:40