500 millionar til Salmon Evolution
Hadde pengane på plass like etter midnatt.
Det børsnoterte oppdrettselskapet Salmon Evolution henta inn 500 millionar kroner i ny eigenkapital til kurs seks kroner aksjen.
Kapitalinnhentinga starta etter at børsen stengte i går, og resultatet vart kunngjort like før klokka to i dag, natt til torsdag 11. mars.
I neste omgang får dei som var aksjonærar før kapitalutviding, men ikkje fekk vere med i denne omgang, høve til å vere med på ei eiga kapitalutviding, der dei kan gå inn med 49,9 millionar kroner til kurs seks kroner aksjen.
Bygge anlegg
Pengane frå kapitalutvidinga skal brukast til å fullfinansiere bygginga av første byggetrinn av selskapet sitt landbaserte oppdrettsanlegg ved Indre Harøy i Romsdal og til etableringa av eit landbasert oppdrettsanlegg i Korea, der Salmon Evolution skal vere medeigar.
Eit anna mål med kapitalutvidinga var å få inn fleire eigarar slik at Salmon Evolution kvalifiserer til å bli flytta over på hovudlista på Oslo Børs.
Nordvestlands-eigarar er med
Fleire investorar på Nordvestlandet som var store medeigarar før kapitalutvidinga var med på kapitalutvidinga går kveld og i natt; Ronja Capital (Roger, Anja og Robin Halsebakk), Rofisk (Odd Einar Sandøy), Frode Håkon Kjølås og Peder Stette.
Salmon Evolution er i gang med bygginga av første byggetrinn av selskapet sitt landbaserte oppdrettsanlegg ved Indre Harøy i Romsdal og har nettopp inngått ein avtale om å vere medeigare i eit komande landbasert oppdrettsanlegg i Korea.
Aksjekursen i Salmon Evolution var 6,895 kroner då børsen stengte i går, onsdag 10. mars. Den kursen verdset selskapet til 1,5 milliardar kroner.
Ved børsnotering i september i fjor var kursen 7,50 kroner per aksje. Den førebelse toppen for aksjekursen kom 12. januar i år, med 7,555 kroner per aksje.
Publisert: 11.03.2021 06:51
Sist oppdatert: 02.07.2021 09:04