Kursfall i børsdebuten
For fire av fem børsnykomarar frå Nordvestlandet har aksjekursen falle.
På første dag på som børsnoterte selskap enda aksjekursen i Hav Group på 15,40 kroner per aksje, eit fall på 14,4 prosent samanlikna med kursen på 18 kroner aksjen ved kapitalutvidinga før børsnotering.
Dei første handlane i selskapet skjedde til kurs 17,50 kroner per aksje, men utover dagen fall kursen i rykk og napp ned til 15,40 kroner per aksje ved børsslutt. Det var også den lågaste kursen Hav Group blei handla til i dag.
Kursen verdset selskapet til 539 millionar kroner, 91 millionar kroner under verdsettinga etter kapitalutvidinga.
Framleis opptur
Hexagon Purus, som blei børsnotert i desember i fjor er det einaste selskapet frå Nordvestlandet som er tatt opp til notering i 2020 eller 2021 som er prisa høgare i dag enn ved børsnotering.
Hexagon Purus er verdsett til 11,6 milliardar kroner, 27 prosent høgare enn ved børsnotering. Verdien på selskapet meir enn dobla seg på under ein månad, men har falle sidan. I dag er kursen 50,81 kroner per aksje, på topp var den 82,10 kroner per aksje.
Opptur etter nedtur
Både oppdrettselskapet Salmon Evolution fall i verdi etter børsnotering, men har i dag nesten henta inn det tapte. (sjå tabell i slutten av artikkelen).
Teleselskapet Nortel har vore relativt stabil, og ligg i dag hårfint under kursen ved notering.
Børsnykomarane frå Nordvestlandet i 2020/2021 | ||
Marknadsverdi i mill. kroner | Endring sidan børsnotering. I prosent | |
Hexagon Purus | 11640 | 27,0 |
Salmon Evolution | 1578 | -4,3 |
Arctic Bioscience | 634 | -5,5 |
Hav Group | 539 | -14,4 |
Nortel | 314 | -0,9 |
Publisert: 04.03.2021 16:53
Sist oppdatert: 20.05.2021 11:47