Kort fortalt

Endringar i bustønaden

Bustønaden vert no rekna frå inntekt sist månad.

27.12.2016
(NPK): Frå årsskiftet vert bustønaden rekna frå inntekta den siste månaden i staden for eitt eller to år gamle likningstal, slik at stønaden er betre tilpassa den reelle økonomiske situasjonen til søkjarane.
– Dei som mister inntekt brått, skal raskt fangast opp av det sosiale tryggingsnettet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) i ei .
Bustønaden vil bli rekna ut uavhengig av eventuelle inntekter barna i husstanden har. Det inneber at 1.500 fleire barnefamiliar får høgare bustønad, ifølgje .
Ein del husstandar vil mista bustønaden, fordi dei oppdaterte inntektstala vil visa at dei har for høg inntekt.
– Målet er å unngå at folk som får bustønad dei ikkje skulle hatt og seinare må betala tilbake store beløp til staten. Eit slikt krav om tilbakebetaling kan vera ei stor belastning, seier Sanner.

Publisert: 27.12.2016 15:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43