(NPK-NTB): 24 av oljeserviceselskapa på Oslo Børs har hatt eit kursfall på over 90 prosent. Analytikarar ventar ei rekkje konkursar framover.
har gått gjennom kursutviklinga for dei 42 oljeserviceselskapa som inngår i energiindeksen på Oslo Børs. 24 av dei har hatt eit kursfall på over 90 prosent sidan toppen.
Fleire analytikarar avisa har snakka med peikar på oljeprisfall og overkapasitet som årsaker til problema. Dei ventar framleis tunge tider for oljeserviceselskapa, men ser også moglegheiter i bransjen.
– Mange skal gjennom restruktureringar, og nokre vil gå konkurs. Samtidig er det nok også her aksjevinnaren på fem års sikt er, seier forvaltar i Storebrand Kapitalforvaltning Hans Thrane Nielsen.
John Olaisen, analytikar i ABG Sundal Collier, svarar dette på om han tør å investere i nokon av selskapa som har falle med meir enn 90 prosent:
– Det er heilt sikkert nokre av dei som vil gå som ei kule, mens mange vil gå konkurs. (©NPK)

Publisert: 04.04.2016 09:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47