Kort fortalt

Equinor tilbake til vanleg turnus offshore

Går frå 21 til 14 dagar.

02.04.2020
NPK: Eitt av koronatiltaka hos Equinor var å auke arbeidsperioden offshore frå 14 til 21 dagar. No går selskapet tilbake til normalen, skriv E24.
Equinor går no tilbake til vanleg arbeidstidsordning, to veker på jobb og fire veker fri, for tilsette på Statfjord-feltet og andre plattformer på norsk sokkel.
For to veker sidan innførte Equinor ei ordning med 21 dagar jobb og 21 dagar fri for dei tilsette på plattformene. Endringa var eit koronatiltak for å avgrense reiseverksemda og lette på logistikken med frakt av folk til og frå plattformene.
Tiltaket blei innført etter semje med fagforeiningane – og no er partane einige om å avslutte ordninga.
Frå neste veke blir det normal rotasjon for Equinor-tilsette offshore, med to veker på og fire veker fri.

Publisert: 02.04.2020 11:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28