Kort fortalt
Ervik frykter oppseiingar av kvotekutt
27.06.2024
Administrerande direktør Robert Ervik i Ervik Havfiske fryktar han må seie opp 150 av dei 300 tilsette, som følgje av mindre torskekvoter, ifølgje NRK.
Det er føreslått eit kvotekutt på kring 30 prosent neste år, etter fleire års nedgang. Det gir betydelege konsekvensar for reiarlaget med hovudkontor i Stad.
– Vi kan risikere å måtte gå ned frå to skift til eitt eller halvanna per båt, seier Ervik til NRK radio.
Leiaren i Norges Fiskarlag, Kåre Heggebø, kallar årets kvoteforslag ein kalddusj, og fryktar oppseiingar i flåten også vil gå utover industrien på land.
Publisert: 27.06.2024 15:19
Sist oppdatert: 27.06.2024 15:19