Kort fortalt

ESA avviser snøkrabbe-klage

Kan stenge lithauiske fiskarar ute.

04.10.2017
NTB: Fiskarar frå Litauen meiner det er brot på EØS-avtalen når Noreg nektar dei å fiske snøkrabbe. EFTAs overvakingsorgan ESA avviser klagen.
– ESA har ingen grunn til å ta denne klagen vidare ettersom EØS-avtalen tillèt nasjonale restriksjonar i fiskerisektoren, seier ESA-president Sven Erik Svedman i ei pressemelding.
Klagen kom i september i fjor. ESA har anonymisert klagarane, men etter det NTB kjenner til, skal det vere fiskarar frå Litauen som står bak.
Fiskarane meiner det er brot på EØS-avtalen når Noreg nektar fiskarar frå andre land i EØS-området å fiske etter snøkrabbe i norske farvatn. Klagarane meiner Noreg gir nordmenn og russarar urettmessige privilegium, mens fiskarar frå andre land blir utestengde på ein «direkte diskriminerande» måte.
Nærings- og fiskeridepartementet har vist til at fiskerispørsmål av denne typen ligg utanfor EØS-avtalen.
ESAs eigen konklusjon er at Noreg i denne saka har rett til å avvike frå prinsippet i EØS-avtalen om etableringsfridom og fri bevegelse av kapital. Grunnen er at EØS-avtalen eksplisitt opnar for slike restriksjonar i fiskerisektoren.
Noregs nei til utanlandske krabbefiskarar har møtt kraftige protestar internasjonalt.
EU meiner Noreg tar feil og har gitt 20 lisensar til snøkrabbefiske rundt Svalbard, deriblant fire til Litauen. Noreg har på si side avvist EU-lisensane, og i vinter vart det latviske fartøyet Senator tatt i arrest for ulovleg fiske.
Saka har provosert Latvia, som har trua med å trekkje Noreg for Den internasjonale domstolen i Haag.

Publisert: 04.10.2017 12:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41