Georadardata frå Edøy og Kuli har avslørt endå ein båt, i tillegg til minst to husrestar og fem overpløgde gravhaugar.
Det opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune.
I arbeidet med å tolke data oppdaga prosjektleiar Manuel Gabler ein 7,1 meter lang og 1 meter brei såkalla anomali. - Vi tolkar den som ei båtgrav under ei rund steinrøys, seier han. Ifølge Gabler som er arkeolog og forskar, er dette sannsynlegvis ein over 1000 år gamal færing eller ein åttring som kan ha vore meint for fire par årer. - Denne liknar truleg litt på ei båtgrav frå 900-tallet som Møre og Romsdal fylkeskommune fann i Surnadal 1994, med ei rekke fine våpen, seier fylkeskonservator i Møre og Romsdal, Bjørn Ringstad. Båten er under 12 meter og kvalifiserer då ikkje til nemninga som skip, men arkeologane er likevel oppglødd av funnet.
Rett nord for båtgrava ser arkeologane endå ein rund anomali som vi tolkar som ein gravhaug. Denne gonga utan ein båtstruktur.
- Direkte nord for båtgrava visast ein fragmentert, halvrund ca. 20 cm brei, reflekterande anomali med ein diameter på 7,2 meter. Den tolkar vi som ei fragmentert grøft av ein mogleg overpløgd gravhaug, seier Gabler.
Og 50 meter lenger nord har georadardata avdekt ytterlegare to overpløgde gravhaugrestar. Ein som måler 11 meter, i tillegg til ein større haug på heile 19 meter i diameter.
Saman med skipsgrava vi allereie kjenner til, gjer dette at georadaren har oppdaga heile fem ukjente overpløgde gravhaugar.
Men data frå georadaren har også avslørt hus.
- Like nord-vest for der vi avdekte skipsgrava dukkar det opp to anomaliar som vi tolkar som husrestar, seier Gabler. Ifølge fylkeskonservator Ringstad treng det ikkje gravene og husa å vere frå same tidsepoke.
Han meiner at husa det er funne spor etter godt kan vere frå eldre jarnalder (300-600 e.Kr.), medan gravene kan vere frå yngre jernalder (600-900 e.Kr.)
- Funna viser likevel at det på Edøy var ei tett kopling mellom bustad og gravplass, seier Ringstad. Ringstad meiner også at vi kan forvente at personen eller personane som vart gravlagt i det store skipet har budd like ved. Truleg har dette vore i eit større hus med ei lengde på anslagsvis 30-50 meter.

Publisert: 28.05.2020 08:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26