Kort fortalt

Fann molekyl som drep kreftceller

Oppdaga på havbotnen.

30.12.2019
NPK: Forskarar har funne eit molekyl som drep aggressive brystkreftceller, på havbotnen sør for Svalbard.
– Vi skjønte tidleg at det kunne vere eit kjempefunn, seier førsteamanuensis ved Noregs fiskerihøgskole, UiT Noregs arktiske universitet Kine Østnes Hansen til
Funnet blei gjort allereie i 2011, men det er først no det blir offentleg kjent.
Molekylet verkar som ein brems for celledelinga til brystkreftceller av typen trippel-negativ. Det er ein brystkrefttype som ikkje kan behandlast ved å regulere østrogennivået i kroppen.
– Dersom dette stoffet kan utviklast til ein medisin, vil det vere eit heilt nytt behandlingsalternativ til ei gruppe kreftpasientar som no har avgrensa behandlingsalternativ og dermed dårlegare prognosar enn pasientar med andre typar brystkreft, seier Østnes Hansen.

Publisert: 30.12.2019 09:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31