NPK: I år er MS «Bluefin» frå Nekkøy i Flora den einaste båten som har fått løyve til å drive med forsøksfiske etter makrellstørje. Fredag fekk dei 29 makrellstørjer på eit kast.
– Det var veldig spennande. Vi har hatt fleire bomkast før i dag også såg vi dei kome opp med nota, fortel Linn Theres Nekkøy, som er ein av sju om bord på båten, til
Båten hadde avgang frå Florø 21. august og er no på veg til land for å losse.
– Det er god størrelse på makrellstørjene. Ei var langt over 2 meter, fortel Nekkøy.
Makrellstørja vert ofte kalla den dyraste fisken i verda og vert i enkelte land rekna som ei delikatesse. Den kan verte betalt med fleire hundre kroner per kilo. På grunn av tidlegare tiders overfiske, har størja vore vanskeleg å finne dei siste tiåra.
Besetninga på sju, har i tillegg med seg tre personar som passar på at alt går riktig føre seg. Både Havforskingsinstituttet og ein teknikar frå Japan passar på.

Publisert: 27.08.2017 21:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41