Rem Offshore lagt bak seg eit sterkt 2025 og har nyleg sikra seg fleire nye oppdrag for skipa sine. Det fortel reiarsjef Lars Conradi Andersen til Nett No.
Driftsinntektene ligg an til å ende på kring to milliardar kroner, medan resultatet før avskrivingar vil ligge kring 1,2 milliardar kroner.
Begge delar vil vere ny rekord for Herøy-reiarlaget som har ei utnyttingsgrad for skipa på 95 prosent.
- Vi ligg an til nok eit rekordår i 2025 og registrer at også dei nye kontraktane er med å sikre god inntening for dei kommande åra, seier Andersen.

Fleire nye langtidsoppdrag
I løpet av det siste kvartalet har Herøy-reiarlaget fått på plass nye avtaler for 4 av dei 17 skipa dei har i drift.
To av kontraktane er i Brasil: Subseafartøyet Rem Saltire skal i oppdrag som varer eit halvt år frå årsskiftet, medan vindskipet Rem Wind har fått kontrakt med oppstart til våren og to år framover.
PSV-en Rem Insula er sikra arbeid i 4,5 år framover på britisk sektor i Nordsjøen, medan Rem Supplier har oppdrag i 300 dagar i same marknad.
Vi er litt uroa over situasjonen i spotmarknaden, men håpar at det snur
Spotmarknaden svakare enn venta
Ratane i offshore - og spesielt for skipa i spotmarknaden - har vore slappare enn mange hadde venta, ikkje minst for PSV-ar og ankerhandteringsskip.
– For skip som går på lengre kontraktar, er situasjonen grei. Vi er litt uroa over situasjonen i spotmarknaden, men håpar at det snur, seier Andersen.
Rem Offshore-sjefen fortel at det likevel ligg an til ein grei vinter for deira del – og dei har ingen båtar i spotmarknaden for tida.
– Det er vi godt nøgd med ettersom det har blitt litt meir vanskeleg enn venta, spesielt i Nordsjøen. Men vi har moderne og store psv-ar som er attraktive, påpeiker han.
Får tre nye skip inn i flåten
Rem Offshore har heile tre skip under bygging som kjem inn i flåten i løpet av det neste året.
Det første nybygget, Rem Pioneer, kom nyleg til Myklebust Verft i Gursken for utrusting. Det skal leverast i løpet av 3. kvartal.
Sjå video av skipet på Facebook
Reiarlaget har også nok eitt skip som skal bli utrusta ved Myklebust-verftet og eitt skip som Vard skal bygge.
Publisert: 23.12.2025 11:18
Sist oppdatert: 23.12.2025 11:18






