Dipai Andre Listou Ellefsen Svein Erik Isaksen fra Solstad Oystein Nordli foto Dipai
FERSK KUNDE: André Listou Ellefsen (t.v.) og Øystein Nordli (t.h.) frå Dipai saman med Svein Erik Isaksen frå Solstad-reiarlaget under Nor Shipping-messa. Foto: Dipai
Nytt

Har fått nær 200 skip i porteføljen

Dei største offshorereiarlaga i landet får hjelp frå ålesundselskap til drift og vedlikehald.

Marius Rosbach
02.09.2025

Dipai-sjef André Listou Ellefsen kan glise breitt etter at selskapet har sikra seg fleire nye offshorereiarlag i kundeporteføljen i løpet av sommaren. 

Remøy Shipping med base i Herøy skal nytte Dipai-systemet om bord på sine ti skip. Det same skal Solstad Offshore gjere på sine nær 40 fartøy. 

– Store og viktige avtaler
I fjor blei det kjent at DOF-reiarlaget også tek i bruk verktøyet – samtidig som dei har kome inn på eigarsida i Ålesund-selskapet.

Austevoll-reiarlaget har ei flåte på kring 70 skip etter fjorårets oppkjøp av Maersk Supply Service. 

– Det er store og viktige avtaler for Dipai, og det er veldig gøy å jobbe med slike «fyrtårn-kundar». Mange ser opp til desse, og det hjelper oss i det internasjonale arbeidet, fortel Ellefsen til Nett No. 

– Merkar absolutt auka interesse
Ellefsen leiar eit selskap som bygger verksemda på ei utvikling som går i retning av ein meir digitalisert skipsfart. I dag nærmar Dipai seg 200 skip i porteføljen. 

Han fortel at dei opplever stor etterspurnad og får nye skip inn i porteføljen kvar veke. 

– Vi merkar absolutt auka interesse. No får vi meir innkomande førespurnader frå andre reiarlag som har høyrt om oss, og tek kontakt for å få vite om vi kan hjelpe dei, fortel Dipai-sjefen. 

Har laga digital plattform 
Dipai tilbyr ein digital plattform som nytter sensordata og analyser for å gi innsikt, slik at den operasjonelle kunnskapen blir betre og reiarlaga tek dei rette avgjerdene i rett tid. 

Systemet er vidareutvikla frå det Nett No tidlegare har omtala som ein supersmart digital vaktmeister, og skal både redusere drivstoff- og vedlikehaldskostnader - og miljøutslepp.

Brønnbåtreiarlaget Sølvtrans og Nogva-konsernet var mellom deira første kundar. 

Har fått internasjonal merksemd
Gjennombrotet til Dipai har også fått internasjonal merksemd. 

Prosjektleiar Andreas Gallefoss i DOF-reiarlaget uttalte seg i sommar til den maritime nettavisa Riviera. Han fortalde at målet deira med Dipai-avtalen var å gjere data til informasjon – og informasjon til innsikt.

– For oss ligg verdien av data i vår evne til å automatisere manuelle oppgåver, få operasjonell innsikt og styrke samarbeidet mellom fartøyet, organisasjonen på land og våre kundar, sa han då. 

Tor Inge Dale som leiar Solstad sitt arbeid med berekraft anslo til Riviera at dei kan spare ein plass mellom 200 og 500 tonn drivstoff på transitseglasar mellom verdshava, takka vere Dipai sine løysingar – og eit erfarent mannskap.  

Kapitalinnhenting i fjor
I sommar blei 2024-rekneskapen til Dipai offentleg frå Brønnøysundregistera. Det viser i første rekke at selskapet framleis er ei skaleringsfase, der dei store inntektene let vente på seg (sjå tabell under). 

Etter ei kapitalinnhenting mot slutten av fjoråret var eigenkapitalen på 16,5 millionar ved utløpet av 2024, og selskapet hadde ikkje langsiktig gjeld. 

Dipai sprang opphavleg ut frå ein doktorgradsavhandling ved Institutt for havromsoperasjoner og byggteknikk ved NTNU Ålesund.  

Dipai AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt2,71,6
Driftsresultat-1,9-2
Resultat før skatt-1,8-1,9

Publisert: 02.09.2025 09:03

Sist oppdatert: 02.09.2025 09:03

Mer om